Historikken til trimgruppa


Kom i gang i 1978. Reidulf Frøysa stod i bresjen i mange år, men gruppa er stadig svært aktiv takka ivrige ildskjeler. Fjellorienteringa og Den store Styrkeprøva mellom Eiksund, Alskleiva og Korshamna merkar seg ut som gruppa sine mest populære aktivitetar. Men det har også vore arbeidt med andre trimaktivitetar som sykkelløp, turmarsjar, joggegrupper, skimerkerenn, friluftsgudstenester og idrettsmerketaking. Gruppa har vore med på å få mange i alle aldrar ut på sunne uteaktivitetar.

Born og 30-års jubilantar.


18. november hadde vi den årlege premieseremonien for Fjellorienteringa. Det var utdeling av krystaller til deltakarar unde 15 år, samt utdeling av 5, 10, 15, 20, 25 og 30-års pokalar til dei frammøtte. Etterpå var det trekking av premier og kaker, twist og frukt.


premieliste-fjellorientering-2021-pr-1.-nov-1 (1).pdf

Heile 86 personar møtte fram til friluftsgudstenesta i Alskleiva søndag – i eit ufseleg vêr med sterk vind og kraftige regnbyger.
Musikklaget Melshorn melde avbod av omsyn til instrumenta sine – og mange tenkte nok at det låg an til messefall. Men presten kom – og då var det berre å gjennomføre. Juniorkonfirmantane hadde «pynta» vegen opp i kleiva med bibelvers – både på plakatar og steinar. Sokneprest Møgster ville ikkje utsetje elektronikken i det nye høgtalaranlegget for væte, og la seg i staden på eit hakk høgare stemmeleie enn elles. To salmar vart sungne. Den sunnmørske fedrelandssongen til Anders Hovdens – «Fagert er landet» – som også stod på programarket, men vart sløyfa. Preika vart korta ned til ein kort appell – og etter velsigninga trekte trimgruppa til Hareid IL ut fem gevinstar på lodda som dei frammøtte hadde fått. Dei frammøtte fekk elles sjå med eigne auge kor fint tillaga vegen over Alskleiva – frå Kvammen-sida – hadde vorte.

Trimgruppa i Hareid IL var med på gudstenesta.

Ei gruppe frå Musikklaget Melshorn spelte, og trimgruppa i Hareid IL lodda ut premiar.

Gudstenesta var ei markering av «Skaparverkets dag», og Barbro Østrem var prest.



Juniorkonfirmantane og ei gruppe 7-åringar var sterkt delaktige i gudstenesta.

Medan juniorkonfirmantane stod føre tekstlesing og elles hadde «pynta» vegen opp i kleiva med bibelord, vandra 7-åringane «pilegrim» frå Holesanden og opp i kleiva tidlegare på dag – og deltok i gudstenesta med salmen «Fader, du har skapt meg».